Vilkår for gåvetildeling
Sparebankstiftinga deler kvart år ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane til samfunnsnyttige tiltak som skapar trivsel og utvikling i Sogn og Fjordane.
For at ein skal kunne få gåve, må ein søkje på vegne av ein ideell organisasjon, altså som har noko anna enn inntening som sitt fremste formål (lag, foreiningar, stiftingar osb.) Det vil seie at vi t.d. ikkje gir midlar til utvikling/drift av ordinære AS – men ideelle AS er ok (dvs. AS som har vedtektsfesta at ein ikkje skal dele ut utbyte til eigarane).
Furorestipendet er vårt einaste unntak; her kan talentfull ungdom søkje om eit personleg stipend til å utvikle talentet sitt. Furorestipendet har søknadsfrist 15. juni, og skjema for dette vert lagt ut ca 1 månad før søknadsfristen.
Den du søkjer på vegne av må òg ha eit organisasjonsnummer (dette får ein ved å registrere seg på www.brreg.no).
Vi krevjer at alle søknadar må ha vedlagt budsjett.
Vi krevjer òg at alle tiltak som får gåve har ein kontaktperson (du som søkjer), samt ein alternativ kontaktperson som er orientert om tiltaket/søknaden. Vi forventar å få ei utbetalingsoppmoding frå kontaktpersonen når tiltaket skal settast i gong og midlane skal utbetalast, når tiltaket er gjennomført, og eventuelt dersom det skjer endringar vi treng å få beskjed om. Dersom endringane gjeld omdisponering, utsetting eller endring av kontaktperson, ber vi om at du nyttar funksjonane på kontrollpanelet. For andre saker/spørsmål ber vi om at du tar kontakt med administrasjonen (t.d. via kontaktskjemaet).
